KvardagenOpprettet av Betta fr., august 27, 2010 18:33:17Før eg flytta til Oslo var det så mange ting eg likte godt, og som var veldig eksotisk. Kebab, parktur, kaffebar, Akerselva, trikk, t-bane og slott var mest som å reise til nye verdsdelar for meg. Eg elska tanken om at dette vakre var i same land som eg var fødd.
No er det annleis. Eg er lei av kebab. Kom faktisk fram til at det smakar ekkelt, og at det ikkje er nokon grunn for å like det i det heile. Så leave it. Trikk og t-bane tar eg kvar dag, så det er og lite spesielt. Park er overalt, og slottet er tross alt berre eit hus der det bur ein konge. Kaffe på kaffebar smakar mest det same som den eg lagar sjølv og Akerselva er ekkel og luktar vondt. Eg er lei. Ting er ikkje eksotisk lengre.
Kva gjer ein når ein er kommen så langt? Eg likar Oslo, på sett og vis, men eg merker at Oslo er like lite spesielt som kva som helst anna. Aveksotigisert, rett og slett.
Etter at eg hamna i denne uføre at Oslo er kjedeleg, kom eg fram til at eg måtte leggje ein plan. Oslo må bli moro igjen.
Plan:
1. Eg skal finne nye plassar å gå ut:
For å ete
For å drikke øl
2. Eg skal gå meir på teater og opera
3. Eg skal prøve å gå meir, i staden for å ta trikk og t-bane. For å sjå korleis byen ser ut.
4. Eg skal bruke meir tid på menneske.
5. Eg skal bruke meir tid/peng på dei som treng det.
6. Eg skal ikkje kvie meg for å ta turen til plassar som ligg på utsida av bygrensa.
7. Eg skal bli snillar med tankane mine. Det er ikkje sikkert ting er så kjedeleg som eg trur.
Med denne planen skal eg starte eit nytt liv i Oslo. Kom gjerne med tips! ☺
SkuleOpprettet av Betta lø., august 21, 2010 19:19:37Det har skjedd ein del i
allmennlærarstudiet. Det heiter for det fyrste ikkje allmennlærar lengre, det
heitar grunnskulelærar. Eg skal no starte på tredje året og har difor ikkje
noko med dei forandringane som er blitt gjort, men eg ser på stor interesse på
det som skjer. Det kom ein ny lærarplan, men det kom ikkje ein ny
lærarutdanning. Og det var heilt klart at det måtte ein del forandringar til
for å henge med Kunnskapsløftet 2006. Men, men… Kva er vel 4-5 år frå eller
til?
Min studiestart er til måndag, men
fyrsteårsstudentane har alt vore studentar i ei veke. Riktig nok fadderveke.
Veka der studentane blir kjent med kvarandre gjennom brune flasker og sterke
safter i kraftige farger. Eller sitter på kafé som eg gjorde. Likevel kallast
dei studentar, og dei har fått pensumliste. Denne har eg kikka på, og det er
overraskande lite eg kjenner igjen frå då eg gjekk fyrsteåret. Ved fyrste
augekast ser det ut til å vere meir pensum, så eg har eit lite lukkeleg sukk
over at eg ikkje er blant dei, men det er godt pensum. Me fekk presentert noko
av det i fjor, sida den eine læraren vår satt i styret for den nye
lærarutdanninga. Og eg ser no at dei som har starta på fyrsteåret no er
heldige.
Pensum er ein forskjell, men ein større
forskjell er at ein må no velje kva klassetrinn ein ønskjer å jobbe på ved studeistart. Studiet
er delt opp i 1-4 kl (småskulen) og 5-10 kl (mellomtrinnet og ungdomsskulen).
Så langt har allmennlærarutdanninga hatt 1-10 kl som interesseområde dei to
fyrste åra, etter det må ein velje fag som kan rette seg mot barneskulen eller
ungdomsskulen, men ikkje alle fag trinn-spesialiserar seg. Eg skal t.d. ta eit
halvår med samfunnsfag. Med dei 30 studiepoenga kan eg i teorien undervise i samfunnsfag både på
barneskulen og ungdomsskulen. I tillegg skal eg ta 30 studiepoeng med norsk,
men denne norsken er retta mot ungdomsskulen. Eg vil difor vere meir
attraktitiv som norsklærar på ungdomsskulen, men det utelukkar ikkje at eg kan
jobbe på barneskulen, for eg har alt ein del poeng frå 1. og 2. studieår som
gjer meg kvalifisert som norsklærar på barneskulen.
Eg trur den nye lærarutdanninga vil bli
eit løft for norsk skule. Ein kan sei kva ein vil om at norske elevar er late,
lite lærevillige, dumme, umotiverte og treige. Det speler inga rolle. Som lærar
har ein eit ansvar for å rettleiie, motivere og hjelpe elevane gjennom
skulegangen. Og om elevane er late, så er det lærarens ansvar (saman med eleven
og foresette) å finne ei løysing på problema. Og om dette skal vere mogeleg,
treng ein lærarar som heng med i dagens skule, og ikkje lærte korleis ein skulle
drive skule for femti år sida. Eg håpar så inderleg at den nye lærarutdanninga
er
Les gjerne meir på nettsida til HiO.
Utdanning.no

StudieOpprettet av Betta on., august 18, 2010 13:09:45Mange bloggere, twitrarar og facebookbrukarar får kritikk for å ikkje vere seg sjølv online. Ofte retusjerar ein seg sjølv, kutter ut alt som ein ikkje vil andre skal vite. Sjølvsagt gjer ein det. Ein ønskjer ikkje bli stilt i dårleg lys, så kvifor trekke fram dårlege sider av seg sjølv.
Når ein bloggar/twitrar anonymt er det lettare å vise alle sider ved seg sjølv. På godt og vondt.Eg bloggar halvanonymt, om det er noko som heiter det. Mange av mine venar veit kven eg er og at dette er min blogg. Og det er heilt ok. Likevel profilerar eg ikkje denne bloggen med fullt namn. Og det er og heilt ok.
Og eg har tenkt litt på det med at ein berre viser dei gode sidene av seg sjølv. Kanskje det er ein fin ting, men kanksje nokon der ute har godt av å sjå at dei ikkje er aleine med ulike problem. Så eg skal blogge om noko eg har gjort som kanksje ikkje er så vanleg å profilere:

Eg strauk på eksamen, rett og slett. Og for meg var det eit skikkeleg spark i magen. Eg har tenkt å bli norsklærar på ungdomstrinnet. Norskfaget er noko eg likar skikkeleg godt. Eg kosar meg i norskundervisninga og eg kosar meg når eg undervisar i norsk. Og sjølvsagt strauk eg ein norskeksamen. Så eg tok han opp att no på måndag. Konteeksamen. For meg er det noko dystert ved ordet "Konteeksamen". Eg kom inn i eksamenslokalet og merka meg fort ut seks-sju stk som eg veit tar skule veldig useriøst. "Flott, eg er i godt selskap", tenkte eg mens eg fant meg ein pult der eg skulle tilbringe dei neste seks timane.
Eg hadde ein klump i halsen då eg tenkte på at eg skulle ta opp att ein eksamen der eg eigentleg er godt nøgd med pensum. Eg skulle ta ein eksamen eg hadde feila på før. Umotiverande tanke. Og halvtimen føre me starta rakk eg å tenke ein del. Det er faktisk ein nokon gode ting ved konteeksamen:
- Ein har fått pensumet inn med t-skje og hugser kanskje betre enn dei som besto fyrste gong.
- Ein kan ofte bruke ein del av det ein skreiv i førre eksamen. I mitt tilfelle var 2/3 av førre eksamen var veldig relevant i denne.
- Eg får ein ny moglegheit for å sjå på eksamensvaktane - min favorittmennesketype.
Og det er spesielt siste punktet som gjer at det er verdt det. Det er verdt å ofte sommarferien sin for å lese til eksamen (eller ha eksamen hengande over ein som eit tungt åk). Det er verdt det forferdelege døgnet føre ein går inn i eksamenslokalet der ein ofte blir møtt av ein/ei sur eksamensvakt som har ansvar for at alt går som det skal. Og ofte er det noko som går sjeis. Denne gongen tok eksamensvakten frå meg ordboka. Me visste at ei av eksamensoppgåvene var ei rein grammtikkanalyseoppgåve, så ordlise ville vore ein stor hjelp å ha med seg. Eg har ei ordbok som har dei nye ordklassane i eit register. Denne ordlista har læraren vår sagt at er den ordboka me må kjøpe å ta med på eksamen. Og då eg dukka opp med denne boka blei ho tatt frå meg. Eg fekk ho ikkje igjen føre faglærar hadde kommet til eksamenslokalet og gitt streng beskjed om at ordboka var heilt loveleg og flott og fin og god å ha med seg på eksamen. Utruleg moro å sjå på. I tillegg blir smånervøse studentar som skal ta same eksamen for tredje gong, hissige fordi dei verkeleg treng ordboka for å komme seg gjennom dette. Krangling føre ein eksamen starter er alltid show.
Kanskje skal eg starte å vise sider av meg sjølv som eg ikkje er stolt av? Er det så frykteleg viktig at ein alltid er heilt seg sjølv når ein er online? For å sei det slik....: Eg har gjort verre ting enn å stryke ein eksamen, men eg har ingen planar om å blogge om det.
KvardagenOpprettet av Betta to., august 12, 2010 17:41:18Eg refererar til førre innlegg der eg roste meg sjølv for å vere flink å ta kontakt med Canal Digital. Vel, no har eg vore flinkare!
Førre gong eg tok kontakt med Canal Digital, så gav dei meg eit tilbod der eg fekk abonnement på Internet og kabel-TV. So far, so good. I dag kom ein artig montør på besøk og sa at eg hadde ikkje bruk for han, for eg hadde alt signal i veggen. "Ja, vel??"
Eg ringte Canal Digital, og fekk snakke med ein svensk mann ved namn Arrrrrvid. Han annulerte mitt kjøp og sa at eg kunne sende tilbake dekoderen som eg alt hadde mottatt. Eg pressiserte at eg gjerne ville beholde dekoderen slik at eg fekk utnytta tvsignala best mogeleg. Han sa eg skulle sende den tilbake likevel fordi....
....no til rosina i pølsa:
Den dekoderen eg har mottatt koster 1369kr i etableringsgebyr (inkl 79kr i frakt), i motsetning til den Arrrrvid ønska at eg skulle ha. Den kosta nemleg 774kr i etableringsgebyr (inkl 79kr i frakt) og den har opptakar!
Ergo: Nordmannen ønskja at eg skulle betale 1369kr for ein grei dekoder
Svensken ønskja at eg skulle betale 744kr for ein god dekoder. Ja, takk!
I tillegg gjorde han meg klar over at eg med det gamle tilbodet kom til å betale 299kr i månaden meir enn eg måtte. Kvifor sa ikkje nordmannen det til meg ved førre telefonsamtale?
Så kjere lesarar. Om du er Canal Digital-kunde og ønskjer ein flott mann å snakke med, snakk med Arrrrrrvid.
KvardagenOpprettet av Betta sø., august 08, 2010 16:28:06Har no trøka støv av tastaturet som har
vore i ein boks heile sommaren. Og eg har pakka opp alle dei andre tinga som
låg saman med tastaturet. Eg har flytta.
For fyrste gong bur eg aleine. Eit halvt
år skal eg bu her aleine. Ikkje bu saman med mamma og pappa, ikkje bu på
internat, ikkje bu i kollektiv, men heilt aleine i ein leilighet der eg må ta
ansvar for alt sjølv. Og eg aner ikkje korleis dette skal gå. Om eg så skal sei
det sjølv, så er eg nøgd med korleis leiligheten min er. Det er koseleg her. Men
så er det alt det praktiske som eg alltid har fått nokon andre til å fikse. Eg
må skaffe meg internett og TV sjølv. Og etter råd frå ein kompis (@svintoksen)
så ringte eg Canal Digital. Flotte folk det der.
-
Canal Digital. Hva kan vi
hjelpe deg med?
-
Hei. Detta e NN som ringer.
Du, e har fløtta, å e trenger tv å internett. Kan dykkon fikse det?
-
Ja, det kan vi. Hva er adressa
di så skal vi se hva som passer for deg.
-
……
-
Ja, der ser jeg at det er
opplegg for kabel. Kan det stemme?
-
Ja, e ser det e sånn boks ut a
veggen. Der e det plass te tri ting. E det den?
Så etter ein del att og fram så fekk eg no
eit tilbud. Eg får Internet som passar for meg. Eg får fleir tv-kanalar enn eg
har bruk for. Og det kjem ein heim hit som fikser alt saman for meg. Og det gjer
meg lukkeleg. Ja, eg er stolt. Eg er stolt over å ha ringt ein kundetelefon.
Lite som skal til for å gi meg meistringskjensle. Det neste som står på lista
er å bytte straumleverandør. Det skal visst vere veldig lett det og. Men eg
anar ikkje korleis eg startar. Som det meste anna, så startar det vel med
Google.
Eg er aleine. Eg er mørkeredd. Eg er lite
praktisk. Eg er eit flokkdyr. Eg er skravlesjuk. Eg er spent. Heldigvis kjem
@Svintoksen for å vere saman med meg i eit par veker eller noko. Det blir bra.
Ønsk meg lukke til. Eg er tross alt
vaksen, og skal i teorien klare dette bra.
BloggingOpprettet av Betta ma., august 02, 2010 23:59:39Riksveg 51 kan suge balle! ...og godt var det å få sagt.
Ein kan sei mykje om motorsyklar, midlivskrisar og harryfaktor. Eg har sagt mitt opp gjennom tida, men no er det no slik at eg har litt eg må gå tilbake på.
- For det fyrste har eg alltid likt å sitje på det er ein motorsykkel i nærleika
- For det andre er det mange menneske, som har motorsykkel, som ikkje er harry og ikkje lider av midlivskrise.
Eg og far er, som mange veit, no på MC-tur (eg prøvde meg på å sei MS-tur, men det blei misforstått sjølv om eg berre prøvde å vere ultranorsk) Me har køyrd ei bete i dag, skal køyre meir i morgon, og dagen etter der, og dagen etter der. Me har ein gedigen Goldwing som har meir kreftar enn eg vil gå god for. Det er pappa som har gått til innleiging av beistet, og det er ikkje lite gutefaktor som kjem fram i auga hans når han er i nærleika av det. Og eg, ja eg sit som dronning på trone og leiker "befalar" med far gjennom intercomen. Riktig stas er det!
Beitostølen og Geilo er to stader der eg blir overraska. Begge plassane er typiske vinterstader, likevel kryr det over av turistar som tydlegvis er for pinglete for ski. Som nemnt på twitter og facebook lar eg meg fasinere av bøttehattkledde japanarar og tyske minibussar. Nokon har visst forstått noko eg ikkje har fått med meg... enno.
Sett vekk frå desse stadane er verkeleg Noreg eit fint stykke av verda. Ein kan ikkje beskrive naturen med ord. Det er mektig og valdsomt. Og eg kjenner meg lita.
Nok skryt. Det er ein ting som Noreg verkeleg kan gjere betre. Eg henviser til fyrste setning i dette blogginnlegget. Ein kan diskutere om det er motorsykkelen, mine pupper og rygg, sjåføren eller rett og slett vegfolkets skuld. Eg satsar på det siste. Eg trur nemleg no at Buskerud er eit dårleg vegfylke. Håpar eg har rett. Det har seg slik at eg og far har tilbrakt mange mil på riksveg 51. Forbaska riksveg 51. Det er humpete. "Ja, vel?" - tenkjer kanskje du? JA, seier eg. Nei, eg trudde ikkje eg skulle falle av sykkelen. Eg var sikker på at eg skulle bli rista i filler. Puppane måtte eg stadig putte tilbake på plass, og ryggen var nær ved å kapitulere. Pappa gjorde nokon triks ved å mjukne på sykkelfjørene, men det er ikkje alt ein gullving kan gjere.
Så eg har forhåpentlegvis takka for meg når det gjeld riksveg 51, men eg er klar for å sjå meir Noreg. Eit utruleg, fantastisk land!
MusikkOpprettet av Betta to., juli 29, 2010 13:33:29I går var eg på ein super Eidsvåg-konsert.
I følje Bjørn Eidsvåg him selves blei konserten på Stangholmen mest avlyst sida
det var så få billettar selt på førehand. Nokon fekk overtelt han til å halde
konserten likevel. Og sida sola meldte seg, kom det mange frå Risør og omegn
for å få med seg konserten på idylliske Stangholmen.
Nokon gonger har eg hatt lyst til å
analysere alle tekstane til Eidsvåg. Analysere dei sønder og saman for å sjå om
det ligg mange djupe grubleriar som ein ikkje merker ved gjennomspeling av
songane. Eg er jo ganske sikker på at om ein graver, så finn ein det ein ønskjer å
finne. Om funna var gjennomtenkt av Eidsvåg er eit anna spørsmål.
Tekstane hans er lette å hengje med på og eg kan setje meg tilbake og nyte, la
meg bevege eller bli engasjert. Kanskje hørs eg no ut som ein heilfrelst
Eidsvåg-sjel? Det er eg ikkje, men det å høyre på musikken hans, in real life,
ute på Stangholmen kan få kven som helst til å kose seg glugg.
Frå scenen nemnte han og twitter-poeten Helge Torvund
(@2rvund). Dei fleste kan sjå at dei har ein god twitter-tone, og då Eidsvåg sa at dei kjende kvarandre litt frå
før kom puslebrikkene litt på plass. Det har seg nemleg slik at Torvund skriver
nydelege små dikt som han poster på twitter. På twitter må ein fatte seg i
kortleik, og det klarar Torvund på ein elegant måte. Eit av dikta hans gjekk
rett i hjartet til Bjørn Eidsvåg, noko som resulterte i at Eidsvåg spurte om
han kunne får nokon vers, så ville han bruke det lille diktet som refreng. Slik
blei det, og songen har Eidsvåg no spelt på sommarturné. Ein fengande song som
eg håpar kjem på ei plate. Om du er på twitter kan eg anbefale å følje Helge
Torvund (@2rvund) og Bjørn Eidsvåg (@eidsvag).
Eg har og funnet ut om eg skal smake på
Amarone. Om eg likar den like godt som Eidsvåg sjølv, så kan eg forstå kvifor
ein brukar eit vinnamn som jubeluttrykk.
Bilder eg har tatt med noko anna enn mobilen, legg eg ikkje ut på bloggen.
KvardagenOpprettet av Betta to., juli 15, 2010 13:53:15I det siste har eg ikkje blogga. I staden har eg rusla litt rundt backstage på bloggen min. Utan å lukkast. Eg forstår veldig lite og må mase hull i hovudet til mange folk. Stakkars.
Eg må eg sei at twitter, facebook og one.com-support er bra å ha når ein skal prøve seg på den tekniske verda. Takk til folk som hjelper. Likevel virke det som om min data gjer noko anna enn alle andres. Det er frustrerande, for eg veit veldig godt at det mest sannsynleg ikkje er tilfelle.
Før i tida pleidde eg å vere teknisk. Før i tida var det ofte til meg folk kom for å få hjelp til ulike datating. Eg var med i ei multimediagruppe, og der var eg ikkje berre gruppekadaveret som ikkje gjorde noko. Nei då, eg var flink, eg. Slik er det ikkje slik lengre. Det trur eg mange av dykk har fått merka i dag.
Kanskje veit eg no litt korleis gamle folk har det når dei seier at samfunnet reiser frå dei.
I tillegg til all frustrasjon over å ikkje få til å setje opp Wordpress, har eg rota vekk discen med snow leopard på. Og eg som tenkte eg skulle ta ein clean install. Makan. Eg er nemleg av den typen som ikkje får til slikt utan orginaldisc og youtube-film som viser meg steg for steg.